Vaksinering

Vaksine er eit preparat som vert nytta til å stimulere immunsystemet for å gjere han som vert vaksinert immun utan å gå igjennom sjukdom. Det er svært sjeldan me ser biverknader av vaksinering, men det kan forekomme.  

Så kva vert kjæledyra våre vaksinerte mot? 

Hund 

Kvalpesjuke 

Årsaka til kvalpesjuke er eit virus som er svært smittsamt. Kvalper er spesielt utsett for sjukdom- difor namnet. Vanlege symptom er feber, renning frå nase og auge, hoste, oppkast og diare. Sjukdommen er ofte dødleg. Som ved andre sjukdommar som skuldast virus, kan det komme bakterienfeksjonar i tillegg og komplisere sjukdommen. Ein seinreaksjon av kvalpesjuke kan vere nervøse symptom. 

Smittsam leverbetennelse 
Dette er også ein virussjukdom. Dei vanlegaste symptoma er feber, oppkast, diare og magesmerter. Einskilde individ kan døy raskt, medan andre kan få milde symptom som til dømes at hornhinna på auga vert blakka. 

Parvovirus 
Som sjukdommane nemnt over skuldast også denne eit virus. Viruset angrip tarmen og gir oppkast og kraftig diare som iblant kan vere blodig. Smitte skjer i all hovudsak ved kontakt med avføring. Får ikkje hunden behandling, vil han bli uttørka grunna væsketapet. Kvalper og svekka individ kan døy av sjukdommen. 

Kennelhoste 
Kennelhoste er ein smittsam infeksjon i dei øvre luftvegane til hunden. Det er fleire mikroorganismar som kan gje kennelhoste. Parainfluensaviruset vert sett på som ein vesentleg grunn, men ikkje den einaste. Dei vanligaste symptoma er langvarig tørrhoste/harking. Oftast har ikkje hunden feber.  Allmenntilstanden er sjeldan nedsett, men hunden bør haldast i ro til den er frisk. 

Spørsmålet kring kva for sjukdommar det bør vaksinerast mot og kor ofte, er ei løpande vurdering som vert gjort av spesialistar innan immunologi på verdsbasis. Når det gjeld kvalpar, er desse beskytta mot sjukdom ved at dei får i seg morsmjølk frå ei tispe som sjølv er vaksinert. Desse livsviktige beskyttelsesstoffa(antistoff) er samstundes ei utfordring ved vaksinering for dei hindrer immunforvsaret til kvalpen i sjølv å danne antistoff. Så det betyr i praksis at dei ikkje responderer på vaksina. Mengda av antistoffa frå mora synk dei første vekene. Det vil samstundes seie at kvalpen vert betre rusta til å svare på vaksinering ved sjølv å danne antistoff. Ny forskning har likevel synt at antistoff frå mor kan blokkere respons heilt fram til kvalpen er kring 15 veker. Dette er bakgrunnen for at det ikkje er 100% sikkert at kvalpen din responderer på vaksina då han er 12 veker.

Difor er det no desse tilrådingane som gjeld for vaksinering av kvalp

1. vaksine: 8 veker (DHP)

2. vaksine: 12 veker (DHP + Pi/BbPi)

3. vaksine: 16 veker (DHP) Dette er for å vere sikre på at alle kvalpane har fått minst ei vaksiner som ikkje vert blokka av antistoff frå mora.

1. revaksinasjon (booster) ved 12 månader 

For optimal beskyttelse, bør alle hundar få vaksine kvart år mot kennelhoste og kvart tredje år mot kvalpesjuke, smittsam leverbetennelse og parvovirus.

Katt 

Kattepest 
Kattepest skuldast eit parvovirus(felint panleukopeni virus). Sjukdommen er særleg farleg for kattungar sjølv om kattar i alle aldre kan bli sjuke. Dei vanlegaste symptoma er feber, oppkast og diare. Katten er slapp og har ikke matlyst. Ofte fører sjukdommen til døden. Vert katten sjuk når den er drektig, kan dette gje fosterdød eller misdanningar. 

Katteinfluensa 
Smittsam luftvegsinfeksjon hjå katt skuldast oftast calicivirus og/eller herpesvirus. Desse virusa førekjem relativt ofte hjå katt i Norge. Direkte kontakt mellom dyra er grunn til smittespreiing, og difor oppstår sjukdommen  særleg der det er mange kattar på eit avgrensa område. Symptom på sjukdom er hoste, rennig fra nase og auge i tilleggg gjerne feber.  

Clamydia-infeksjon 
Me nyttar ikkje rutinemessig vaksine som innheld beskyttelse mot clamydia. Clamydiainfeksjon kjem av ein bakterie som vert kalla Chlamydia psittaci. Sjukdommen smittar ved dirkete kontakt mellom kattane. Sjukdom førekjem difor mest ved stor dyretettleik. Symtom på clamydia-infeksjon er raude, hovne auge som renn. Lette symptom på forkjøling samt lungebetennelse førekjem også. Sjukdommen er sjeldan dødleg, men han er lagvarig og plagsam for katten. Sjukdommen kan også gje infeksjon i kjønnsvegane.

Kattar vert vaksinert to gonger som grunnvaksinering. Den første når katten er 11-12 veker, og den andre 3-4 veker seinare. Etter dette treng katten vaksine årleg mot katteinfluensa og anna kvart år mot kattepest.