Ultralyd

Ultralyd er lyd i eit frekvensområde som menneske ikkje kan høyre. Ved undersøking med ultralyd, vert det sendt lydbølger inn i kroppen. Desse lydbølgene vert sendt tilbake til ultralydapparatet som eit ekko når dei møter på organ og vev. Ultralydapparatet tolkar så desse signala og omdannar dei til bilete me kan sjå på skjermen. Ultralyd er ikkje farleg. Hjå oss nyttar me ultralyd ved undersøking av buk inkludert drektigheitsdiagnostikk.

Viss hunden eller katten din skal til ultralyd så:

  • Ikkje gje mat etter kl. 20.00 dagen før undersøkinga. Dei skal ha gi fri tilgang til vatn fortsatt.
  • Ikkje lat hunden/katten tisse rett før undersøkinga.
  • Så langt som mogleg prøver me å gjere undersøkinga utan å bedøve pasienten. Viss dette ikkje let seg gjere, må vi gje dyret berolegande medisin.
  • Gode bilete er avhenig av god kontakt mellom huden til pasienten og proba. Det gjer at me gjerne må klippe små «vinauge» i pelsen.
Bildet kan inneholde: ultralyd