Tilsette

Me er to fast tilsette dyrlegar ved klinikken.

Gunnar Hofslundsengen

Gunnar er eigar og dagleg leiar av klinikken. Han har dreve allsidig veterinærpraksis sidan 70-talet, men dei siste 20 åra har han i all hovudsak vore i smådyrpraksis ved klinikken. Gjennom flere tiår som praktikar har Gunnar vore på utallige kurs og kongressar både i Norge og utlandet. Gjennom desse har han tilegna seg ein brei fagleg plattform. Det er ikkje til å leggje skjul på at kattar er favoritten blant pasientane.

Margrete Wåltorp Vangestad

Margrete vart utdanna fra Norges Veterinærhøgskule i 1999. Sidan da har ho vore innom både stordyrpraksis og offentleg forvaltning. Det siste tiåret har fokuset i større og større grad vore på kjæledyrmedisin sjølv om ho ikkje heilt klarer å slippe taket i hestepraksisen. Margrete deltek jamnleg på kurs og etterutdanningar og er sertifisert veterinær akupunktør gjennom IVAS/ NoVas.