Tannbehandling

Dei siste åra har det vorte stort fokus på tannhelse og tannbehandling innan smådyrmedisin. Dårleg tannstell er kanskje ein av dei største plagane til dei firbeite vennane våre. Studier har synt at så mange som 8 av 10 vaksne dyr har ein eller annan form for tannproblem.

Symptom på tannproblem

Det eigarane gjerne først legg merke til er at dyret deira har dårleg ande. Men det er også andre symptom det er greit å ha kjennskap til:

  • Tennene har belegg som er gulbrunt
  • Tannkjøttet blør lett når dyret et på noko hardt
  • Måten å tygge på endrar seg
  • Dyret vegrer seg for å ete
  • Sikling
  • Kul på kjaken under auget
  • Sår i munnregionen
  • Sikling
  • Adferdsendring grunna ubehag og smerte

I den ideelle verden bør ein pusse tennene på kjæledyret sitt kvar dag. På denne måten, fjerner ein belegg som elles vil vere utgangspunktet for tannstein og tannkjøttbetennelse. Tannbørsten bør vere mjuk. Det finst også tannkrem spesiallaga for dyr, ikkje bruk tannkrem til menneske. Uansett er børstinga det viktigaste. Eit alternativ til børsting er tyggjebein sjølv om dette ikkje gjer fullt same nytten.

Alle kjæledyr bør ha regelmessig kontroll av tennene. Me utfører rutinekontrollar og behandlingar av hund og katt. Me har nett invistert i nytt utstyr inkludert tannrøntgen i tillegg til kompetanseheving i form av kurs og hospitering.