Røntgen

Prinisppet bak røntgen er at det ved hjelp av eit spesielt apparat vert sendt ut høgenergistråler som i varierande grad kan passere igjennom alle typar kroppsvev. Ulikt vev vil absorbere strålene forskjellig, og mengden stråler som kjem igjennom til den digitale detektoren(«filmen») som ligg under pasienten er difor avhengig av tettleiken i vevet det passerer. Beinvev er hardt og lite stråler kjem igjennom- dette vert å sjå som kvitt på røntgenbilete. Lunger går strålene mykje lettare igjennom og vert difor å sjå som mørkt.

Ved klinikken har me hatt røntgenapparat sidan tidleg på 80-talet. Me nyttar røntgen både til undersøking av skjellett- , bryst- og buk.

Ingen bildebeskrivelse er tilgjengelig.
Stein er eit ikkje heilt ukjent framandlegeme i tarm hjå hund.