Ormebehandling

Så lenge dyret berre befinn seg i Norge, er det ikkje krav om ormebehandling av hunden eller katten din. Skal du derimot utanlands gjeld spesifikke krav som må følgjast. Sjå Mattilsynet.no.

Likefullt er det slik at hundar og katter kan få innvollsorm. Dei vanlegaste innvollsormane er spolorm og bendelorm. Hjå unge individ er det spolorm som førekjem oftast. Difor oppmodar me til å behandla dei så tidleg som mogleg.

Hund
Innvollsormen som førekjem oftast hjå hund er spolorm. Slik smittesituasjonen er i landet vårt per i dag, er det ikkje anbefalt å behandle vaksne, ikkje-drektige hundar regelmessig mot innvollsorm. Har ein mistanke om at klinisk sjukdom skuldast innvollsorm, bør dette som ein hovudregel bli stadfesta ved å undersøke ei avføringsprøve og påvise parasittar og/eller egg. Slike undersøkingar utfører me eller prøven kan sendast inn til spesiallaboratorier.

Når det gjeld kvalpar og mødrene deira, bør desse behandlast rutinemessig. Sentrale anbefalingar er at første behandling skal skje når kvalpane er 2 veker, deretter bør dei behandlast kvar fjortande dag fram til dei er 12 veker. Alle behandlingar bør gjerast med pyrantel. Dei lakterande tispene bør få behandling når kvalpene er 4 veker. Dessutan bør dei drektige tispene få oremkur regelmessig då kvalpene kan bli smitta av mora gjennom livmor/morkake frå dag 42 i drektigheita. Dei kan også få smitte gjennom morsmjølka. Unghunder bør også ha ei behandling når dei er kring eit halvt år.

Katt Situasjonen er noko anneleis når det gjeld katt. Hjå desse finn me både spolorm og bendleorm. Nye undersøkingar tyder dessutan på at lungeorm førekjem oftare enn det som tidlegare har vore sagt. Det er sjølvsagt utekattane våre som fanger og eter byttet sitt som i all hovudsak har problem med innvollsorm. Difor bør desse få ormekur regelmessig- mellom 2-4 gonger i året. Innekattar treng ikkje rutinemessig behandling. Kattungane kan, som kvelpane, bli smitta av mor si og bør difor få ormekur så snart dei er over ein halv kg tunge.

Du får resept på ormemiddel hjå oss enten ved å ringe oss eller sende oss ein e-post.