Laser

Ved klinikken nyttar me laser til mellom anna sår som er problematisk å få til å gro eller akutte og kroniske skjelett- og muskelsmerter.

Laseren me har er av typen LiteCure 12 W spesialutvikla til bruk på sports- og kjæledyr. Laseren kjem inn under Low-level laser therapy (LLLT), også kalt «cold laser therapy». Dette er ikkje det same som kirurgisk laser som mange kjenner frå laseroperasjon av auga hjå menneske.

Prinsippet med terapi-laseren er at det vert sendt ut ein dose med lysenergi inn i vevet som skal ha behandling. Denne energien resulterer i:

  • redusert inflammasjon og smerte
  • økt blodgjennomstrømming
  • raskare sårheling
  • stimulering av vevsregenerasjon
  • redusert arrdannelse.