Laboratorietenester

Me utfører fleire analysar ved klinikken. Me har moderne blodanalyseutstyr frå Idexx. Dette gjer at vi kan ta ut blodprøve og få svar på generell helse og hematologi i løpet av ein halv time. I tillegg kan me utføre analysar frå blodet for å vurdere stoffskiftet, bukspyttkjertelen og me kan også sjekke om det er betennelse i kroppen. Me har også det som kallast snap-testar for mellom anna virussjukdommane FIV og FeLV hjå katt. Har me behov for ytterlegare analysar, sender me desse til andre, større laboratorie.

Urinanalyse er også eit viktig hjelpemiddel for å vurdere helsa hjå kjæledyret ditt. Ved klinikken måler me det som kallast spesifikk vekt av urinen. Dette seier noko om evnen nyrene har til å gjere jobben sin. Vidare ser me på urinen på spesielle urinstix som gir oss ein pekepinn på om det er t.d sukker eller blod i urinen. Har me funn på stixen som gjer at me mistenker at det er krystaller i urinen, sentrifugerer me han for så å sjå på han i mikroskop. Me ser då etter krystaller, blod, betennelsesceller og mikrober. Ved blærebetennelse er det også alltid aktuelt å sende inn urinprøve til dyrking. Dette for å sjå kva type bakterier me har med å gjere og kva for antibiotikum som bør nyttast. Til slutt når det gjeld urinanalyse skal det nemnast at vi også kan analysere urinen for å vurdere prognosen ved begynnande nyresvikt.

Ellers er me også veldig gla i mikroskopet vårt for å sjå på celler frå mellom anna betente øyre og infisert hud, kuler og blod forutan allereie nemnte urin. Me nyttar da ofte ein spesiell fargemetode. Slik kan me t.d skilje mellom om det er sopp eller bakteriar som dominerer ved ein øyrebetennelse. Når det gjeld endringar i hud/slimhinne som mellom anna svulstar, nyttar me oss av eksterne laboratorie til å undersøkje desse for kva type vev det er snakk om.