Kreftbehandling

Kreft kjenner me godt frå humansida, men det er også ein relativt vanleg sjukdom hjå kjæledyr og då særleg hund. Dette skuldast fleire forhald som til dømes avl, fedme, luftureining i byar og høg levealder.

Behandling av kreft hjå hund har mange aspekt både dyrevernmessig og fagleg sett. Ofte er det snakk om å forlenge livet med nokre månader til år framfor å kurere.

Me tilbyr ikkje kreftbehandling utover kirurgisk fjerning av svulstar i hud, jur og slimhinne. Årsaka til dette er nettopp at det er eit vanskeleg etisk tema, og vår oppfatning er at dette best vert ivareteken av veterinærar med spesialkompetanse innan fagfeltet. I dei tilfella det kan vere aktuelt med kreftbehandling utover kirurgisk fjerning av svulsten, henviser vi pasienten til klinikk med veterinærar med spesialkompetanse innan kreftbehandling.