Inseminering og drektighetskontroll

Me utfører inseminering med fersksæd ved klinikken. Dette vert gjort ved at både hannhund og tispe kjem hit. Tispa vert inspisert og me utfører mikroskopi av utstryk frå skjeden. Nytt no er at me kan analysere for progesteronverdiane i blodet hjå tispa. Dette er for meir nøyaktig å kunne seie noko om rett insemineringstidspunkt. Etter undersøking av tispa, tek me ut sæd frå hannhunden. Før me legg denne inn i skjeden på tispa, undersøker vi han i mikroskop for å sjå på kvaliteten.

Bildet kan inneholde: en eller flere personer og hund
Litt akrobatikk må til.       
Etter at tispa er inseminert, må bakparten høgare enn framparten for å sikre at sæden ikkje renn ut.

Allereie tre veker etter at tispa enten er parra eller inseminert kan me vere heldige å sjå kvalpar ved hjelp av ultralyd. Om me ikkje gjer det på dette tidspunktet, tek me ein ny ultralyd etter ei veke. Eigar betaler uansett berre for ein undersøking. Ønsker eigar å vite med størst mogleg sikkerheit talet på kvalpar, anbefaler med å ta eit røntgen bilete to veker før fødsel.

Bildet kan inneholde: ultralyd
Kvelpelykke!