ID-merking

ID-merking inneber at hunden eller katten din får eit eige ID-nummer som vert registrert i ein nasjonal database kalla Dyreid. Per i dag er det ikkje lovpålagd merking så lenge hunden eller katten berre skal vere i Norge. Skal du derimot til utenlandet med kjæledyret ditt, eller hunden skal ha HD- og /eller AD-røntgen så må dyret merkast. Andre spesielle undersøkingar kan også føre til at dyret må merkast for å sikre at prøven som vert teken ut er av rett individ.

I dag vert det nytta elektronisk merking i form av en mikrochip som me sett under nakkeskinnet. For å lese av mikrochippen, vert det nytta eigen elektronisk avlesar.

Kvifor merke kjæledyret sitt?
Når katten eller hunden din er merkt, vil han alltid kunne sporast opp gjennom Dyreid. Det er difor fullt mogleg å spore opp eigaren til ein hund eller katt som vert funnen så lenge dei har mikrochip. Det som er viktig å passe på er at hunden eller katten er registrert i ditt namn. Til dømes vil dette gjelde ved kjøp av kvalp eller kattunge der dyret er merkt før du fekk han. Det same gjeld om du overtek eit vakse dyr eller kjøper eller overtek eit dyr merkt i utlandet. Pass på at naudsynte skjema vert fylt ut (sjå Dyreid.no).