Helsekontroll

Ein enkel konsultasjon hjå oss inneber at me gjer ei klinisk vurdering av kjæledyret ditt når det kjem inn til oss. Me ser på pels, hud, kjenner over lymfeknutar- tar ein titt på auge med slimhinner, inspiserer øyrer og om vi får lov ser me på tenner og tannkjøt. Me lyttar på hjartet og lungane med stetoskop, klemmer på buken(«magen»), vurderer hald og muskelfylde og symmetri. Pulsen kjenner me også på og har me mistanke om feber måler me dette i endetarmen. Denne enkle sjekken saman med det du forteljer oss om dyret ditt, er bakgrunn for kva som vert gjort vidare av djuparegåande undersøkingar som t.d blodprøver, ultralyd eller røntgen.