Akupunktur

Akupunktur er eit gamalt verktøy som kineserane tok til å nytte for over 2000 år sidan. Truleg er akupunktur det eldste medisinske systemet me kjenner til.

Ved ei akupunkturbehandling nyttar me nåler i akupunkturpunkt som er spreidd utover kroppen i musklar, bindevev og sener. Desse punkta ligg langs ulike meridianer(«energibaner») på kroppen. Ved å stimulere desse punkta med ei akupunkturnål, skil mellom anna kroppen ut endorfin. Dette er kroppen sitt eige morfin og har ein smertedempande effekt. I tillegg aukar blodsirkulasjonen. Akupunktur vil også kunne påvirke både hormon- og immunsystemet.

Akupuntur har mange bruksområde. Me har god erfaring med å nytte akupunktur ved problem i ledd/skjellettsystemet og muskler. Til dømes ved forkalkningar i ulike ledd og ved ømme musklar. Mage-tarmproblem gir også ofte god respons på akupunktur.

Dei fleste pasientane tolererer akupunktur godt, og det lite/ingen uønska verknader av behandlinga. Det vanlegaste er at pasienten må ha ein serie med behandlingar i løpet av dei første vekene. Deretter kan det vere naudsynt med påfyll etter nokre månader.

I følgje Mattilsynet er det berre autoriserte veterinærakupunktører som har lov til å utføre akupunkturbehandling på dyr i Norge. Hjå oss er det Margrete som er sertifisert veterinærakupunktør. Alle behandingar vert gjort av ho på eit eige rom slik at pasienten ikkje koplar rommet til noko ubehag.